|
Til transport av stein den første tida frakta August Pedersen Hauge ein hest over frå Kvamsøy til Storholmen. August var også den første krambuguten, om lag eit år. I 1884 vart Gerhard gift med Elisabeth Gaustad, dotter til fyrvaktar Emil Gaustad på Frekøy. Han var då komen i gang med handel. Gerhard var utdanna bakar. Ei såkalla sirupskake kosta den første tida 5 øre - fiks kontant over disken. Dei som hadde lag til å prute av nokre øre kunne såleis gjere ein rimeleg handel. Etter kvart tok han til med å kjøpe sild og fisk. Livra dampa han sjølv dei første åra. Kring 1908 fekk han rutesamband med Søndmørske Dampskibsselskab, to gonger for veka. Før den tid leigde dei frakteskuter til å transportere dei varene dei hadde å selje. Det var for det meste Bergen dei handla med. Det var frakteskuta til Peder Sandviken frå Stadlandet og seglskuta til Edvard Danielson Hatlebrekke, busett i Borgundvåg, som stod for fraktinga til og frå Bergen. Dei første åra var Kornelius Chr. Brekke, bror til Gerhard, med og greidde opp med handelen. Mange gonger var kona til Edvard med som einaste mannskap. Ho heitte Marta, dotter til Steffen Støylen frå Ristesund. Marta stod sin tørn anten det var bergensleia eller andre farvatn, åleine natt eller dag. Ho gjekk med rette for å vere ei "soffisante kjerring". Første kona til Gerhard døde 19. november 1894. Dei hadde då fire barn, men den eine guten drukna 4-5 år gammal meddi han stupte ut frå eine sjøbudøra. Det første våningshuset stod då ferdig, og huslyden flytte då dit. Den første tida kjøpte folk mjøl i spann eller i dei såkalla mjølhit, dei hadde ikkje pengar til meir. Den første som kjøpte ein heil 100-kgs kveitemjølsekk på Storholmen var Fredrik Både d.e frå Voksa. Mellom bygdefolket var det ein del snakk om denne mjølsekken. Dei kunne ikkje forstå kvar han tok pengane frå. "Du må forstå at han kosta 9 krone," sa dei. (2/5) |